- Korleis vil du skildra arbeidsdagen din som forfattar?

- Tettpakka og gjevande, men utan fastlagd struktur. Eg er så heldig at det renn inn med oppdrag, så eg har nok å driva med, men det er ikkje alltid eg veit korleis dagen blir, når eg set meg ved skrivebordet. Det einaste som ligg temmeleg fast, er at eg prøver å halda meg unna internett i morgontimane. Resten av dagen òg, for så vidt, men eg er ekstra streng om morgonen. Eg skriv for hand eller på ein eldgamal pc som ikkje kan koplast til internett. Det meste av det eg har skrive, er skrive på den maskina. Gjev ho aldri bryt saman!

- Korleis byrja du å skriva?

- Eg har berre alltid likt det og aldri slutta. Og no har eg vore forfattar på heiltid i ti år! Men som student var eg usikker på om eg kunne ha det som jobb. Eg trudde at ein måtte skriva skjønnlitteratur for å leva av det. No veit eg betre.

- Kva jobbar du med no?

- Eg har akkurat sendt frå meg føreordet til ei bok med Voluspå, Håvamål og Draumkvedet, som kjem på Samlaget etter kvart. Og så sit eg i juryen til Bastianprisen i år, i kategorien omsett skjønnlitteratur for vaksne. Det er mange påmelde titlar, så no les me for harde livet. Eg har òg nokre arrangement eg må bu meg til i samband med litteraturfestivalen og skeivt kulturår. Ja, og så skriv eg språkspalta til Dag og Tid kvar veke.

- Kva for inspirasjonskjelder har du?

- Folk! Eg synest det er skikkeleg kveikjande å prata med folk – eller lesa eller høyra intervju med folk – som driv med ei eller anna form for skapande verksemd, same kva det er. Folk som har lyst til å laga noko, og som GJER det, jamvel om det kanskje er smalt og rart og skranglete. Det er så fint. Då får eg lyst til å laga noko sjølv. Med bokstavar, helst.

- Kva er det vanskelegaste med det å skriva, slik du ser det?

- For meg som har det som leveveg, er det eit problem at pengesorger gjer innhogg i tankekrafta mi. Eg har ikkje futen på nakken eller kritisk dårleg råd, men eg bruker mykje tid på å tenkja på lønsemda i ulike oppdrag og kva eg kan ta meg råd til. Eg kan bli bitter fordi eg jobbar så mykje og tener så lite, og sur på meg sjølv som lèt det halda fram slik. Men om eg hadde hatt ein «vanleg» jobb, hadde eg nok følt at eg ikkje fekk nok skrivetid. Så eg er i grunnen nøgd med stoda, jamvel om eg nok kan driva verksemda mi på ein smartare måte.

- Kva er du mest nøgd med å ha fått til?

- Det må bli den boka som heiter "Kjønn og ukjønn" (2015). Kort forklart er det ei bok som drøfter transkjønn og kjønnsidentitet gjennom å granska historia til ordet «kjønn». Kvar kjem ordet frå? Har det alltid blitt nytta slik me nyttar det i dag? Kva er det me oppfattar som gode og riktige kjønn, og kva oppfattar me som galne eller brysame kjønn («ukjønn»)? Då eg skreiv boka, fanst det knapt nokon offentleg debatt i Noreg om kjønnsidentitet og trans. På visse punkt er boka utdatert i dag, men jamt over held ho seg godt. Eg ser at unge transaktivistar framleis refererer til henne. Det er stas. Og så fekk eg Bokhandelens sakprosapris for henne.

- Korleis skil du deg ut frå andre norske forfattarar, trur du?

- Anar ikkje! Men eg har jo nokre minoritetsrøynsler som sannsynlegvis gagnar meg, eller som i alle fall gjer at eg lett vert lagd merke til. Det er ikkje SÅ mange nynorskskrivande butche lesber i den norske bokheimen.

- Kven er lesarane dine?

- Det er alt frå godt vaksne riksmålsherrar til unge raddisar i Skeiv ungdom. Men lesarane mine er nok særleg folk som likar lange tankerekkjer og samansette svar utan to strekar under. Tekstene mine er ofte drøftande og stundom snirklete, og eg veit at nokre ramlar av lasset. Men eg er usikker på om det er eit problem. Alt kan ikkje vera for alle.

- Korleis er det å jobba med utgangspunkt i Lillehammer?

- Heilt perfekt. Eg kunne nok ha jobba bra mange andre stader, men eg trivst godt her på Lillehammer. Kona mi (frå Voss) og eg (frå Elverum) flytta hit av hovudsakleg tre grunnar: skiløypene, kulturlivet og gågata. Me kjende så godt som ingen då me kom hit. Det er ikkje heilt lett å få seg nye vener når ein er introvert, heimekjær og ikkje har ungar, men me har egla oss innpå nokre målfolk og bibliotekarar. Eg synest det går veldig bra.

- Kva les du sjølv for tida?

- Skjønnlitteratur som kom i norsk omsetjing i 2021. Det er ei sann glede. Meir heider (og pengar) til omsetjarane!