- Fortel! Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

- Dei fleste dagane tar eg meg god tid med avisene om morgonen, deretter går eg ned på arbeidsrommet. Eg arbeider gjerne med fleire manus, ein periode med kvart av dei, i alle fall fram til eit manus har kome så langt at det nærmar seg bok. Det motiverer meg til å stå på litt ekstra for å koma i mål. Kor mange timar eg jobbar, varierer frå dag til dag. Eg har vorte latare med åra.
 

- Kva jobbar du med no?

- Eg er veldig uvillig til å snakke om det eg arbeider med, før eg veit at det blir bok. Venner og kjente som spør, får berre vage svar. Men eg kan seia så mykje som at hovudprosjektet mitt nå er ein roman for vaksne, etter ein pause på meir enn ti år, der eg har gjeve ut barne- og ungdomsbøker.

- Kva for inspirasjonskjelder har du?

- Eg blir inspirert av historier eg les eller høyrer, gamle og nye. Eg har fått mange idear ved å lesa nyhetsartiklar, det gjeld særleg til ungdomsromanane. Enkelte idear dukkar berre opp av seg sjølv, når fantasien er på sitt beste.

- Kva er det vanskelegaste med å vere forfattar?

- Det vanskelegaste med å vera forfattar er å fullføre. Det er veldig moro å få nye idear og setja i gang med å skrive, men så seier det stopp, eller eg må i alle fall tenkje lenge på korleis eg skal koma vidare, korleis få framdrift, ny spenning, finne svar på alt og laga ein god og truverdig slutt. Det er derfor eg stadig begynner på eit nytt prosjekt.

- Kva er du mest nøgd med å ha fått til?

- Det eg er mest tilfreds med, er først og fremst at eg våga å satse, at eg i mange år nå har levd av forfattarskapen, og at eg har fått gjeve ut 20 bøker på 25 år. Eg er glad for at barne- og ungdomsbøkene når ut til så mange lesarar i målgruppa.

- Korleis er det å jobbe med utgangspunkt i Lillehammer?

- Det er fint for meg å jobbe med utgangspunkt i Lillehammer. Eg har lite kontakt med forfatterkollegaer i det daglege, men det gjer ikkje noko. Det er hyggeleg når vi møtest, og det er like hyggeleg å vera saman med andre venner. Eg lever i mi eiga skriveverd, og trivst med det. Eg er ofte i Skjåk og jobbar der også.

- Kva bøker les du sjølv for tida?

- Eg les mykje forskjellig. Når eg les om ei bok som verkar interessant, tingar eg den straks på biblioteket. Ventelista mi der er lang. Boka eg nettopp vart ferdig med, var boka om Martin Kolberg, "Tillitsmannen". Nå les eg barne- og ungdomsbøkene eg skal presentere på NBUs Barnebokbar under Litteraturfestivalen.